I helga som var tangerte atmosfæra i Ottahallen VM-stemninga frå Sør-Afrika, den som vil oppleva den kan ta turen til Ottacup også dei to neste helgene.

Ikkje eingong den berykta vuvuzelaen mangla, den laga lyd frå tribunene i allefall kvar gong Vågå spela kamp, observerte vi. Tribunene var fulle av folk heile tida, medan lag etter lag gjekk i elden.

Sportsleg oppførsel

Og det var ikkje berre stemninga som var god, også når det kom til oppførsel på bana må ein kunne seie seg godt nøgd. Dei einaste merknadene var tre gule kort på 126 kampar.

Opningshelga for Ottacup samla deltakarar i aldersklassene lillejenter/lillegutter og småjenter/smågutter(SJ/SG), som er elleve og tolv år, og tretten og fjorten år. Her var det difor også mange foreldre med, og det sette sitt preg på heile Otta laurdag, med mykje folk.