Akkurat som det 15 år gamle supertalentet i fotball, Martin Ødegaard, kan Kleveland nå slå igjennom på seniornivå i snowboard.

Kan overraske

– Det er ingen som forventar noko av Marcus. Han er ein underdog som er der for å lære, men han kan overraske, meiner landslagssjef Thomas Harstad, i følge TV2.

To frå Dombås

Marcus sjølv tykkjer det er "sjukt fett" å berre bli invitert, og få køyre saman med dei beste.

Sjølve konkurransa startar i kveld norsk tid, og Marcus konkurrerer i slopestyle, saman med norske seniorkøyrarar som Torstein Horgmo, Gjermund Braathen og sjølvsagt også Dombås eigen Emil André Ulsletten. Av tredve deltakarar, er seks norske, og altså to frå Dovre.