Det vil seie at det blir avgift for å køyre opp på Myrin, og at vegen blir brøyta og strødd ved behov.

Frå i år er det også ei viktig endring ved vegen.

– Registrering av skiltnummeret skjer no ved utkøyring, og betaling kan ikkje gjerast før etter passering ut. Altså ikkje prøv og betal før du er gjennom bommen og nede i bygda att, informerer styret i Dalsidevegen ved Ola Nørstebø.

Satsane frå i år er uendra, informerer dei vidare.