- Det skal ikkje vera personskade, og politiet har ikkje vore på staden, melder operasjonssentralen på Lillehammer.

Vedkommande sjåfør har bestilt bergingsbil, som no skal vera på veg til staden. Bilen var ikkje norskregistrert.

Vegmyndigheitene er varsla av politiet, og vil undersøkje føret på strekninga. Trafikken går forbi.

I følge tips til trafikkradioen til NRK står i tillegg også eit vogntog, i ein sving opp mot Bjorli frå Romsdalssida.