Dombås Eiendomsutvikling AS søkjer om dispensasjon frå reguleringsplan, for å få plass til eit tilbygg på cirka 500 kvadratmeter, til Fosshaugbygget (tidl. Trend) i Dombås sentrum.

Vil ha bom

På grunn av forventa større trafikk, særleg i nordre del av Bondegardsvegen, ønskjer ein å setja opp ein bom, som avbøtande tiltak. Det skal redusera talet på potenseielt trafikkfarlege situasjonar, i samband med varelevering og parkering til eit nytt og større bygg. Bommen er tenkt sett opp omlag 30 meter sør for Fosshaugbygget.

- Konsekvensen av bomløysing vil bli at bebuarar langs søre delen av Bondegardsvegen må køyre via det sørlege krysset og E6 nordover mot Dombås sentrum, heiter det i søknaden.

Det er sendt ut nabovarsel om dispensasjonssøknaden.

Frå trafikk til forretning

Dispensasjonen går ut på omregulering av areal sett av til "kjøreveg" og "anna trafikkareal" i reguleringsplana. Det er sett av til vegkryss mellom Stasjonsvegen og Bondegardsvegen og tilhøyrande gangveg over der Einbuhuset står i dag.

- Det vil mogleggjera utviding av av området som er regulert til "forretning" med 300 kvadratmeter, heiter det i søknaden.

Nye leigetakarar skal vera i sluttforhandling med eigarane om kontrakt.

Stor plass

Ferdig påbygd vil forretningsbygget ha eit areal på 1700 kvadratmeter over to høgder, og i tillegg eit inngjerda utelagerareal på 450 kvadratmeter.

Søknaden skildrar at tiltaket vil innebera ei vesentleg teknisk og estetisk opprusting av bygget, som i dag står tomt.

- Det er eit klart mål at det skal bli penare enn i dag, seier Kjetil Aarstrand frå arkitektkontoret Nordplan, som utformar planene.