– I kveld går første bil frå Dombås til Hareid med maskiner og varelager, fortel Kvalsvik til avisa tysdag.

Han var vore tydeleg til smp.no om at Kvalsvik som kjøkkenprodusent skal leve vidare. Sjølv om Kvalsvik Produksjon AS, som bytte namn til Takk og Farvel AS like før konkursen, er konkurs, står Geir Kvalsvik som dagleg leiar i to andre selskap, Kvalsvik Kjøkken AS og Kvalsvik Holding AS.

Selskapet Kvalsvik Kjøkken AS bytte namn frå Kvalsvik Engros AS den 5. februar i år, i følgje Brønnøysundregisterne. Takk og Farvel AS meldte oppbud onsdag 11. februar.

– Produksjonslokalet mellom Hareid og Brandal kan vere klart om to-tre veker, seier Kvalsvik til smp.no.

Han har allereie informert forhandlarane at produksjonen held fram. Kvalsvik har tilsett tre nye medarbeidarar i produksjonen.

– To av dei vi hadde flyttar heim att. I tillegg er det tre på Hareid som vi har tatt inn, seier Kvalsvik.

Produksjonen skal foregå i eit privat lokale.