Med stønad frå Høgre og Venstre ser Arbeidarpartiet(Ap) ut til å få ordføraren i Lesja. Det er Steinar Tronhus (Ap) glad for.

Steinar Tronhus er open for alle konstellasjonar som kan få til eit skifte, idet han sjøl går på si sjette periode i kommunestyret.

- Det ser ut til at det kan bli forandringar, ja. Vi har hatt eit godt samarbeid med Høgre og Venstre i opposisjonen. Valresultatet er ei stor tillitserklæring for oss, det kjem tydeleg fram at folkevilja er at det skal skje eit skifte, om vi politikarar ikkje tek omsyn til det er det snart ikkje vits i å ha val, seier Steinar Tronhus.

Likevel understrekar Tronhus at ikkje noko er klart enno.

Avtaler snart

- Vi må ha avtaler, men denne veka blir nok for stutt. Ting skal vera skriftlege og ein skal sjå på både mandatfordeling og posisjonar. Likevel, konstituerande møte er den 27. oktober, så vidt eg hugsar, og så lengje vil i allefall ikkje eg leve i uvissa, seier Tronhus.

Oppgangen til Ap forklarar Tronhus med nytenkjing og ønskje om skifte.

- Alle bastionar må falle eingong, og vi hadde ei god liste og gjorde ein god jobb. Folk har sett at det fins andre alternativ i Lesja. Det er sunt med skifte, og vi må også tenkje nytt, seier han.

Utfordringar

Utfordringane fins i Lesja, i følgje Tronhus.

- Vi har investert voldsomt, og har auka lånegjelda vår. No må vi vera forsiktige og ikkje auke driftsutgiftene våre, investeringar no må gje oss inntekter, seier han.

- Kva slags investeringar er det?

- Det er viktig å leggje til rette for utvikling, og slik som veg, vatn og avløpmanglar på sentrale plassar, det må byggjast ut for å få fleire arbeidsplassar, for eksempel er det naturleg å sjå på Lesjaskog og området mellom Bjorli og Lesjaskog, seier Tronhus.

Les om valet i Sel og Dovre kommune i VIGGA.

Foto: Lokalavisa Vigga