Kommentaren kom etter at Von hadde spelt låta Keinn ikkje juge på Otta på konserten for ungar opp til 14 år. Og eit meir ærleg publikum enn dei aller yngste, kan ein vel ikkje få, æ von?

Småungar som knapt kunne gå, klappa i hendene og song med på Von sine tekster. Kanskje ikkje så rart når karane syng på rein heidalsdialekt. Tre av bandmedlemmane kjem frå Heidal, medan dei to andre er skåpheidøle frå Sel og Otta, i følgje dei sjølve.