- Vi er åtte mann til jobben, fortel Kjetil Storås frå entreprenøren Uniprotect.

Heile operasjonen, med stillasoppsetting, sandblåsing og måling av brua vil ta fem-seks veker.

Samlar opp sand

Firmaet tok til førre torsdag, og held fram med montering av stillas heile helga.

- Det skal vera togfritt i helga frå tidleg laurdag til seint sundag, fortel Storås.

Når stillaset er oppkome, skal presenningar dekke hele konstruksjonen, for å samle opp sand etter sandblåsinga. Noko støv blir det nok likevel.

Uniprotect har hatt ei rekke oppdrag med bruer i Oppland dei siste åra, både for Vegvesenet og Jernbaneverket, som såkalla korrosjonsentreprenør.

Tryggleiken er viktig ved eit slik arbeidsprosjekt, og hovudsikkerhetsvakt og leiar for elsikkerheit, Eivind Risdal, er den som passar på.

- Det går 16 000 volt i linene her, fortel Storås.

Difor har dei også ei tryggleikssone for kor nært journalisten får koma. Men ikkje alle høyrer etter.

- Men vi fekk umeldt besøk på brua her i stad. Plutseleg kom det ein svart katt over brua, spaserte ned skråninga her, før han finta ein bil på veg over E6, ler Risdal.