Elevane i 9. klasse på Lesja skule har arbeidd med foto i kunst og handverk. Nokre av blinkskota vil bli muleg å sjå på det nye kulturhuset i Lesja i lang tid framover.

- Dei fekk forskjellige tema som dei har jobba med, fortel Linda Kalhovd, kunst- og handverkslærar på Lesja skule.

Elevane har brukt både skule og fritid til å fotografere, og etterpå har dei brukt forskjellige redigeringsprogram på bilda.

Dei beste bilda vart plukka ut, og det vart heldt avstemming i klassa om kva bilder som skulle bli vald ut til å pryde det nye kulturhuset. No er dei ti bilda kome opp på lerret. Før dei kjem på plass på kulturhuset skal dei vere med på utstillinga ”Skaparglede” på Lesja bygdatun, med elevarbeid frå Lesja skule, som opnar førstkommande onsdag.