Fristen for å søke går ut 15 september, og no etterlyser områdeleiar Janne A. Wågenes fleire søkjarar frå Lesja og Dovre.  I fjor fekk berre eitt prosjekt frå Lesja, og ingen frå Dovre, støtte gjennom stiftinga.  Totalt  gjekk 53 mindre og større beløp ut til ulike prosjekt i resten av fylket, totalt omlag fem millionar kroner .

Millionar til eldsjeler

- Det må da finnast eldsjeler som treng pengar til prosjektet sitt, seier Wågenes.

Ho er redd for at det fins gode idear, som ikkje blir realisert.

- Prosjekt med stor grad av frivilligheit, dugnad og bruk av fritid, kan koma i mål med litt frå oss, seier ho.

Av alle søknader stiftinga får inn, får omlag 15 prosent av dei tilskot. Mange bommar på føremålet, og dett slik sett ut, seier ho.

Nokre greie punkt å ta med seg:

Stiftinga jobbar for å skape eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn gjennom å støtte eldsjeler og frivillige organisasjonar.

Det er eit krav at søkjar er registrert i Frivilligregisteret. Tryggleik og helse er hovudmål for stiftinga.

Langsiktige prosjekt, haldningsarbeid og arbeid som går over tid, er bra.

Prosjekt som har med barn og unges oppvekstvilkår, folkehelse og inkludering er også prioritert.

Eksempel på prosjekt som har motteke støtte: tilrettelegging av turstigar, bålplassar, tilrettelegging ved turmål.