Unge filmskaparar fekk med seg gjev buss heim frå Gullbussen-gallaen.

Under gallaforestillinga på Ringebu i helga fekk Lesja-filmen ”Legenden om Grania” Gullbussen for ”Mest spektakulære film”

- Vi forsto at det var vår film då dei las frå begrunninga til juryen at det var ein film som greide å skape sin eigen verden, fortel Vemund Sætrenes-Einbu og Daniel Kjelshus.

Dei har laga filmen saman med Kristin Rasmussen, Arill Randen, Johannes Sætrenes-Einbu og Ola Haldor Hådi. Dette er den tredje Gullbussen som finn vegen til Lesja.

På Ringebu var dei teke i mot slik filmskaparar skal. Med raud løpar, søte kanapéar og glas med sprudlevatn. Nicolai Cleve Broch og Ingrid Bolsø Berdal var programleiarar, og 24 nominerte filmar vart synt fram.