Uttaket vart riktignok gjort med banksjef Arne Henning Falkenhaug sitt kort. Dermed var det eit godt samarbeid mellom lokalt næringsliv og politikk som markerte starten på ein ny minibankæra i Lesja.

- Det er gledeleg med ein minibank i sentrum att, det er viktig for oss i Lesja. Det er bra at dei engasjerer seg i lokalmiljøet, når konkurrenten trekk seg ut, sa Tronhus før han hadde oppdraget med å klippe snora.

Han seier dialogen med Falkenhaug og dei andre i Sparebank1 Lom og Skjåk har vore god.

Vil vere tilstades

Falkenhaug er banksjef for sju minibankar i distriktet, attåt bankfilialane.

- Vi skal vere tilstades og vi skal vere synlege. Sjølv om kontantbruken går ned, så er det viktig for handelslivet. Det er også viktig for turistane, seier Falkenhaug.

Han seier dei ikkje åpnar minibank i Lesja berre for å vere snille.

- Vi er avhengige av at folk brukar oss også, seier han.

Banken var sterkt tilstades som sponsor under Landsskyttarstemnet på Lesja, noko Falkenhaug seier var ei positiv oppleving.

- Det var eit god kontaktpunkt, og eg trur det gir effekt på lang sikt. Det var rett og slett artig, seier Falkenhaug.

- Det betyr mykje for oss å ha ein bank her, sa Tronhus.
Kaffe og kake til alle som kom. Her serverer Kristin Plassen Bakken kake til Jens Torbjørn Kjelshus.
Banksjef Arne Henning Falkenhaug er fornøgd med banken si satsing i Lesja.