Fårikålens dag vart ingen festdag for Isa (7). Etter å ha gjort kål på restane i søppelkassa, vart ho livstruande sjuk. Schäferen såg sitt snitt til å renske søppelkassa medan eigarane Christina Sårheim og Torkil Kroken Ebbestad var i fjoset heime på garden Tangøye på Bjorli. Dei gjekk frå en frisk og glad hund.

Da dei kom inn att, var det tydeleg at Isa ikkje var i form. Ho ville ut, og prøvde å kaste opp, men det gjekk ikkje. Hunden peip, og synte tydelege signalar om at ho hadde det vondt. Magen var heilt hard. Sårheim og Ebbestad skjønte at her var det fare på ferde, tok hunden med seg i bilen, og køyrde i retning Lesja og veterinær Kathrine Holten. På turen ringte dei og varsla sin ankomst, klokka var da halv ni på på kvelden.

- På symptoma høyrdes det ut som en magedreining, seier Holten.

Alvorleg tilstand

Framme på Lesjas kunne Holten, saman med ektemann og veterinær-kompanjong Anders Avdem, sjå at Isa hadde store smerter og var svært sjuk. Dei måtte åpne ho så snart som råd. Eigarane vart sendt heim med støttande ord, nervøse men vel vitande om at Isa var i trygge hender. Etter at buken vart åpna fekk dei sjå at mistanken om magedreining stemte. Det var full dreining, og dreininga hadde ført til sirkulasjonssvikt både i milten og magesekken.

- Denne tilstanden er svært alvorleg, ubehandla ville dette vore dødeleg innan få timar, fortel Holten.

Ei magedreining skjer når magesekken hjå hunden vert full av gass, ved å ete for mykje eller feil mat. Den vrir så på seg, noko som da også har effekt på dei andre organa i buken.

Fårikål i magen

Avdem og Holten fekk magesekken tilbake i normal posisjon, men kunne kjenne at den var full av unormale og harde objekt. Den måtte åpnast den også.

- Vi skjønte fort kva dei hadde hatt til middag den dagen, seier Avdem.

Både bein, kål og pepper kom til syne, det same med plastposen frå søppelbøtta som også hadde blitt med i dragsuget. Det var ikkje rart at Isa hadde vondt i magen. Veterinærane seier det er bra at eigarane reagerte så raskt, på den måten vart det ikkje varige skader.

- Djupbrysta hundar slik som Isa her er gjerne utsett for å få magedreining. Det er viktig å unngå bein dersom hunden ikkje er vant med det. Om det ikkje vert så alvorleg som magedreining kan det lett bli fordøyelsesproblem, seier Holten.

Nyttige investeringar

Da dei dro heim att for å vente, skjønte Sårheim og Ebbestad fort kva som hadde skjedd.

- Ho fekk ikkje middagen av oss, understrekar Ebbestad, og fortel at søppelbøtta no for sikkerheits skuld er plassert inne i eit skåp.

Det er ikkje første gong Sårheim og Ebbestad har hatt god hjelp av å ha dyktige dyrekirurgar i nærleiken. For ei stund sidan hadde dei ei tispe som venta kvølpar. Etter at to kvølpar hadde kome til verda stoppa fødselen opp. Redninga vart keisarsnitt, og til slutt hadde 11 friske smårollingar kome til verda ved hjelp av Holten og Avdem sine kunnskapar. Mor sjølv var også i fin form dagen derpå.

Holten meiner nyinvesteringar dei har gjort den siste tida er ein god del av grunnen til at det går fint med større operasjonar som dette.

- Gassanestesi er sikrare for hunden enn injeksjonsanestesi, og gjer det mogleg å gjennomføre store operasjonar som tek lang tid og dermed krev at hunden ligg lengre i anestesi, forklarar ho.

Dei har også overvakningseinheit som kan gje informasjon om korleis hunden har det medan han er bedøvd, og noko som heiter diatermimaskin for raskt å kunne stoppe blødningar.

- Vi kan no gjere større operasjonar på hundar, dette er nok den største operasjonen vi har hatt, seier ho.

God tryggheit

Sårheim og Ebbestad kan ikkje få sagt kor mykje det betyr for dei å raskt kunne få hjelp viss noko skulle vere gale med eit av dyra deira.

- Eg synes dette er heilt fantastisk. Dei er superdyktige, og det er ikkje mange plassar det er to kirurgar til stades, og dei er alltid tilstades med god service.  Dei er dessutene flink til å forklare og roe ned oss som eigarar, seier Ebbestad.

Det vart ikkje noko søvn på dei den natta Isa vart operert. Da dei fekk telefon om at operasjonen var ferdig etter to og ein halv time var dei allereie på tur attende til Lesja. Resten av natta heldt dei seg vak for å sjå at alt gjekk bra med hunden, det var viktig å sjå etter at Isa ikkje fekk feber eller andre symptom på at noko ikkje var som det skulle.

- Det blir som barnet vårt, veit du, seier Sårheim.

To veker seinare er Isa attende i gamal form. Såret har grodd fint, appetitten er på plass og magen fungerer. Ho får ikkje lov til å vere riktig så aktiv som ho sjølv har lyst til, men alt i alt ser det ut som ho ikkje har fått varige men etter den dramatiske hendinga.

Etter to veker har såret til Isa grodd fint.