- Vi har ikkje klart å la dette stå å vente, innrømte rektor Reidun Hagen, då ordførar og andre gjester kom til offisiell opning av byggesteg to.

Otta skule Nyhusom har fått både allrom, bibliotek og kjøkkenkrok, og ikkje minst datarom,  som har vore flittig brukt sidan månadsskiftet november/desember i fjor.

Eigen song

Det etterlengta bygget har da til og med fått eigen song, høgt og fint framført av ungane, som allereie hadde feira med boller på klasseromma. Tida før opninga vart litt lang for fyrste klasse, så dei hadde teikna og skrivi til skulen. Eirik i 1B las høgt brevet han hadde skrivi, og fekk honnørord for det av ordførar Dag Erik Pryhn, som skrytte av alle.

- Eg er stolt over det fine bygget, men også over det dykk har fått til, takk for flott sang, og så brevet, som og var flott, sa han.

Manglar berre ute

Bygget, som var kostnadsrekna til 13,4 millionar kroner, har kome i land utan dei store overraskingane, og etter utearbeidet til våren ser det ut til å skulle koma i mål med ein rekneskap som budsjettert.

- Med dette står eit komplett skuleanlegg ferdig, og eg har ikkje sett mange skuleanlegg som er så fine som dette, sa ordføraren.

Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga