Kurs i tilrettelagt fysisk aktivitet fekk til saman godt over førti påmeldte, fordelt på to dagar i Lom og på Dombås.

Fysak- og idrettskoordinator Stian Høglien er kjempenøgd.

Alle med

Håkenstad tok tak i det som nok er vanleg praksis, dei fleste stader. Kurset tok til med teori, og heldt fram i praksis i Moskushallen førre tysdag.

Saman med rådgjevar Heidi Bråten i Idrettsforbundet sto Håkenstad bak kurset, som alle kommunane i regionen var invitert til, i regi av Regionrådet.

Målgruppa og deltakarar var assistentar, lærarar og andre i skulen, som i løpet av dagen, fekk snudd litt opp-ned på tilnærminga for å legge til rette for alle i gymtimane.

Gullgruve

- Hugs at gymtimane er ei gullgruve til å bygge sjølvtillit, ein kan bygge relasjonar, som sidan blir med ut i friminutta. Ikkje ta frå nokon gymtimen, eller fjellturen, eller aktivitetsdagen, insisterte Håkenstad.

Heidi Bråten peikar på at også gym må planleggast like godt som andre fag, men at det kan gjerast med enkle midlar. Og det synte dei i praksis, då kursdeltakarane fekk prøve både eggsamling og litt av kvart.  Noko så enkelt som ein badeball eller ballong  for at fleire skal rekke å nå fram til ballen, var eitt tips.

Teamarbeid, men individuelt innan laget, var eitt anna stikkord. Alle har si oppgåve innanfor laget, og alle er med.

Målet er å få alle til å strekkje seg litt, og at ein tilpassar utan overdramatisering.

Hilde Håkenstad meiner ein godt kan gje lekse i gym. - Det kan gje nokon stor mestringskjensle , kanskje er det den leksa dei mestrar best, seier ho. Foto: Lokalavisa Vigga
Alle ut for å hente eitt og eitt ping-pong-egg. Laget med flest til slutt, vinn. - Poenget er at alle er med, utan at nokon tenkjer på kven som samlar mest eller fortast, seier kursleiarane. Foto: Lokalavisa Vigga