Aadel Skotte og Sigrid Trøite Thøring
"Fikk nok" og "Utlufting må til".
Kven er det som uttalar dette til GD?
Jo, det er AP-ordføraren i Sel og Vågå.
Dei forstår ikkje kvifor det er vond lukt og dårleg arbeidsklima i Regionrådet og
regionsamarbeidet.
Men lesjingar og dovringar gløymer ikkje det katastrofale fylkestingsvedtaket
11.12.13 på Lillehammer.
Og Dag Erik Pryhn(AP) arbeidde aktivt for nedlegging av det gode skuletilbodet på Dombås.
Ikkje rart det blir manglande tillit og dårleg samarbeidsklima av slikt!
Men vi gir oss ikkje i "skulesaka", til det er konsekvensane for store for oss som bur her!
No ventar vi spent på resultatet frå kontrollutvala i Lesja og Dovre!