Krigsminneforeninga hadde open dag, og synte fram heile samlinga, som ligg samlokalisert med miljøstasjonen på Dombås.

Wiggo Vasshaug Hansen sto for serveringa, frå sitt restaurerte mobile feltkjøkken, fyrst brukt av tyskarane, sidan i Heimevernet.

- Det har gått i allefall åtte liter kaffe, kunne han melde.

Bollane var ikkje bakt på mobilovn, men det er ikkje fordi han manglar utstyret.

- Eg har ein mobil bakaromn også, men den tek det dagevis å få i gang, ler han.

Eit tjuetals personar var til stades, og kunne mellom anna sjå på sambands- og radioutstyret i samlinga. Radioamatør og tidlegare telegraf i militæret, Per Hjelleløkken, hadde lykkast å få liv i ein av dei, og demonstrerte med ei prøvemelding. Sjå video nedanfor.

Les meir om dagen i Vigga torsdag.