Det er 11. gongen toradergruppa skal ut på tur for å glede folket i Lesja og Dovre.

- Det blir mykje musikk, artige sketsjar og allsang, seier Erna Bjørgemoen.

I år er det Lesja, Lesjaskog og Dovreskogen som får besøk frå dei rundt 20 medlemmane i klubben. Tidlegare år har dei vore på Solheim på Lesjaverk og Fredheim på Verma, men prøver i år å samle publikum midt mellom plassane.

- Da er det bedre forhold både for parkering og servering, seier Egil Morken.

Dei håpar publikum er klare for å prøve lattermusklane ein ny stad.

Går for pris

Ved å blande musikk og humor håper dei å fenge fleire. Det er stadig fleire av klubbens medlemmar som vil vere med på sketsjane, og dei er ikkje redde for å «dumme seg ut» på scena.

- Programmet er heilt nytt, både det musikalske og sketsjane, fortel Elisabeth Kjønsletten.

Sketsjane er heimgjorte, og har ein personleg snert. Om dei ikkje direkte har lokal tematikk, kan ein seie at nokre av dei har lokal inspirasjon.

- Dette er ei suksessoppskrift vi har brukt i alle år, fortel Bjørgemoen.

Og fulle hus har dei hatt, nesten så veggane har bula. Skuffa Dovreskogingar som ikkje har fått plass på Skogvang, har tekje turen heilt til Verma for å bli underheldt av toradergruppa. Dei spøkjer med at på Dovreskogen blir det sikkert ekstra fullt i år, sidan butikken er nedlagt og dei ikkje treffes lengre. Og kvifor gjer dei dette?

- Vi har høyrd at den som vinn kulturprisen i Lesja tre gonger får han til odel og eige, spøker Per Nordsletten.

Om det stemmer har ikkje Vigga fått bekrefta, med det stemmer at «På 2.rad» har mykje å by på også i år. Første kveld er på Friheim på Lesja 2.april, 4.april er det Fjellnær på Lesjaskog som får besøk for turen vert avslutta på Skogvang på Dovreskogen 5.april.

Toradergruppa på 2.rad byr på brei underhalding til veka. Foto: Lokalavisa Vigga