Showet har etterkvart vorte eit kjent og kjært vårtegn, og publikum kjende si besøkstid. Torsdag var Friheim på Lesja fylt til siste sete då dei glade trubadurane kom på besøk.

Sleivspark

Og det var eit forrykande show med god gamaldansmusikk, allsang og artige sketsjar, det heile sett saman til ein kulturell heileftan av dei sjeldne. Fyrst fekk vi høyre fleire fengjande toraderleikar, der musikarane imponerte med si spelarglede og dugleik på toraderen. I salen høyrdes den taktfaste trampinga av danseglade føter som. Sketsjedelen i fyste akt var sydd saman som Torbjørn Egners «Kardemommeby», der «Tobias i Tårnet», i Alf Eriksens skapnad, presenterte kjente scener her ifrå med ein lokal vri.

Velretta sleivspark gjekk både til lokalt næringsliv, lokale entrepenørar, politi og helsevesen.

Latterbrøl i salen

Og skal en døma etter latterbrøla fra salen, så satt poenga på ein prikk. Særleg latter hausta blant anna sketsjen om «Tante Sofie». Som kjent var ho sint på alt og streng som berre det, men denne her hadde vore sjå ein lokal lege ho, og fått «lykkepiller», så ho var slett ikkje sint på noko lenger. Nei, ikkje ein gong på «dessa Stian Brenden- karane som kom trekkande med dessa femti sonene og satte dei opp i hytt og pine,» som ho sa.  Ein annan sketsj som også fekk publikum til å hyle av latter, var den der ei dame skal lære mannen sin å sitja når han er på do. Ja, det var godt det var ei kaffepause midt i forestillinga, så ein fekk kvilt lattermusklane litt, for dei fekk verkeleg kjørt seg.

Mick Jagger og Aksion på Tande

Andre økta starta med ein herleg Rolling Stones-parodi med lokal vri.  Per Nordsletten var glimrande som Mick Jagger, og likeså korjentene. Publikum i salen gjekk heilt av hengslene, og applausen ville ingen ende ta. Same Nordsletten  var også  strålende  som ein typisk bygdeorginal som fortalde om korleis det var å høyre på fotballkampar kommentert på radio. Slitne lattermuskler fekk seg nok ei runde og publikum låg omtrent langflate og skratta. Også Alf Eriksen og Annette Nygjerdet  si tolking av Aukrusts «Aktion på Tande», var skikkeleg bra.  Det var befriande då det var klart for fleire musikkinnslag og lattermusklane fekk kvile litt. Halvard Doseth losa oss gjennom toraderleikene med ein humoristisk snert og glimt i auga. Over 500 nordølar har sett Lesja Toraderklubb sitt show over 4 kveldar denne våren.  Og lovorda er ikkje få.  Med så mykje revytalent og speleglede som denne gjengen viser, er det berre å glede seg til neste år og håpe at dei kjem med ei ny forestilling også då.

Per Nordsletten og Odd Dahlum leiar allsangen. Foto: Lokalavisa Vigga
Tobias i Tårnet spela av Alf Eriksen. Foto: Lokalavisa Vigga
Tante Sofie på lykkepiller spela av Anette Nygjerdet. Foto: Lokalavisa Vigga
«The Rolling Stones» Foto: Lokalavisa Vigga
Denne karen likte best å høre fotballkampar på radioen, spela av Per Nordsletten. Foto: Lokalavisa Vigga