Dagleg leiar i Vigga, Asta Brimi, fortel at ein har sett dette over noko tid. Avgjerda er teke av styret, og alle dei fast tilsette blir verande i avisa.

- Det har over år vore satsa både økonomiske og menneskjelege ressursar på Sel, utan at det har gjeve noko utslag i abonnementstilgang, seier ho.

- Det har kosta å ha desse ressursane på Sel. Sjølv om vi fjernar kontoret, skal sjølvsagt vera til stades i Sel og på Otta som regionsenter, seier Brimi.

Konstituert redaktør i Vigga, Guro Vollen, stadfester regionaspektet.

- Vi skal sjølvsagt vera til stades når viktige regionale hendingar og saker er på dagsorden i regionsenteret, men samstundes skal vi no vera enno meir synlege og til stades i Lesja og Dovre. Det ser eg fram til, seier Vollen.

Dagleg leiar Asta Brimi. Foto: Lokalavisa Vigga