Prøysen skreiv nok om motsatsen til Lesjaverk, då han skreiv om grenda som gløymde jula eit år. Her er heile bygda er i sving, i helga er det Fyryjul.

Bålkos og hesteskyss set stemninga på Lesjaverk, når grenda ber inn til Fyryjul.

Juleførebuingar på tradisjonelt vis, frå hus til hus i heile grenda. Snekkerverkstad, slakting av gris og all slags baking på fleire plassar. Juledekorasjonar og handverk av mange slag. Elleve plassar er med på tilstellinga, som er arrangert for femte år på rad i vinter.

Mangfaldig program

Det skal vera noko for alle, ung eller gamal. Julekafe med aktiviteter for ungar går mest heile dagen på Solheim, og snikkarverkstad på Thøring hyttefabrikk er også noko for dei små. Ei spesiell utstilling av sakene til dei mange treskjærarane frå Rånå er stelt i stand på Solhaugen.

Har du laga rosettbakels? Veit du kva du må gjera for å sløkke om gryta tek fyr? Det får du demonstrert av brannvesenet ved butikken laurdag.

Starten går laurdag, og forutan alle aktiviteter, salsboder og utstillingar på dagen, inviterer kulturprisvinnar På 2. rad til førjulspub med quiz på Solheim om kvelden.

Sundag skal julesongane syngast inn i Lesjaverk kyrkje, saman med Lesja barnekor, og utstillinga på Solhaugen er open også denne dagen.