Ola Ødegaard er ein kar dei fleste i Noreg har høyrd om. Stiftinga Rettferd for taperne har vore i kontakt med 19 000 menneskje med bruk for hjelp, sidan starten i 1993.

No fyller han sytti år, og fortel ope til Vigga om barndommen på Dombås. Det er ikkje ei triveleg skildring. Det er trist lesnad, frå ei tid som ikkje er lengre unna enn at mange hugsar, men også ei historie om menneskeleg styrke og pågangsmot. Trass i ein øydelagt barndom har Ødegaard funne styrke nok til å reise opp både seg sjølv og yte hjelp til andre.

At det velferda i dag har teke eit langt steg vidare er ikkje til å gløyme, men ein skal heller ikkje gløyme dei som framleis fell gjennom nettet.

Fattigdomen som Ødegaard skildrar frå Dombås på 40- og 50-talet er nok annleis enn den fattigdomen ein ser i dag. Den er mindre synleg no, folk et seg mette og har klede på kroppen. Men det er kanskje nett difor verre å handtera for den som sit midt i det. Det er ei forventning om at alle kan vera med på alt.

Det fins mange ungar som ikkje går i bursdag, fordi det ikkje fins pengar heime til gåve.

Sosiale settingar kostar, anten det er treningsavgift eller kinobillett. Difor er det stor grunn til å setje pris på alle dei tiltak og grep som er gjort i denne samanhengen. Det kan vera så enkelt som at skulane har ekstra par ski, eller klassesett med skøyter. At ein ber kvarandre heim også utanom bursdagar. Det er ikkje så mykje som skal til.

At det fins ei merksemd ikring dei som fell igjennom, slik som gjennom stiftinga til Ødegaard, har synt oss at mykje framleis er ugjort.