Dei vonar at dette kan føre til at fleire møter til avtalte timar på sjukehuset. Andre sjukehus har gode erfaringar med påminning via mobiltelefon om oppsette timar.

Meir effektiv ressursutnytting

I følge sjukehuset har det lenge vore eit problem at folk ikkje kjem til timane dei har avtale om. For å få utnytta ressursane på beste måte, er det viktig at pasientane kjem til timar som er sett opp.

- Det kan til og med gje kortare ventetid på utgreiing og behandling, fordi sjukehuset kan utnytte ressursane sine betre, seier prosjektleiar Linette Edesberg.

Pasientane kjem framleis til å få innkallingsbrev med all relevant informasjon, eller telefon frå sjukehuset. SMS-meldinga er berre meint som ei påminning om timen. Og pasienten må sjølv takke ja til å få ei slik påminning.

Nokre avdelingar sender påminning dagen før, medan andre sender tre dagar før timen.

Varslinga vart testa på SI på Hamar i februar, og sjukehuset fekk gode attendemeldingar frå testperioda. Resten av SI innførte systemet i mars. Likevel kan det ta tid før alle pasientar kan få slik varsling, då telefonnummeret må bli registrert for kvar pasient.

Talet på pasientar som ikkje møtte til time har vore på omkring 31000 dei siste åra.