Lesja har ikkje godt nok system for forebygging av brot på helselovgjevnaden. Heller ikkje for å avdekkje eller rette opp slike brot.

Det syner ein tilsynsrapport som kom frå Helsetilsynet, datert onsdag førre veka. Tilsynet, som var gjennomført i byrjinga av april, er ein del av Fylkesmannen sitt planlagte tilsynsprogram, og syner avvik i internkontrollsystema hjå Lesja kommune.

- Ei kontinuerleg oppgåve

Rapporten har teke for seg om Lesja kommune sikrar forsvarleg legemiddelhandtering i heimetenesta, og korleis ernæringsproblematikk hjå pasientar i heimesjukepleia er følgd opp.

- Vi har gode tenester, og vi var allereie i ein prosess før tilsynet i april, der vi jobbar med kvalitetssikringav tenestene og internkontroll, seier helse- sosial- og folkehelsesjef Therese Gjersøe Hole i Lesja.

Ho seier at tilsynet er ei bra drahjelp i arbeidet med å få skriftlegeit og dokumentasjon enno betre forankra i verksemdene.

- Tilsynet har vore læring for oss, og det er viktig for meg å understreke at vi har trygge og gode tenester til innbyggjarane våre, seier ho.

Det er heller ikkje sjølve tenestene ut til brukarane av heimetenester som får kritikk, men den lovpålagte dokumentasjonen av tenestene og systemet for internkontroll.

Hole seier at kommunen har eit kontinuerleg arbeid for å levere gode tenester, og meiner det er positivt med eit tilsyn som kan gje råd og rettleiing på korleis kommunen kan forbetre seg.

Nye arbeidsmåtar

- Tilsynet syner at vi ikkje så flinke til å skriftleggjera det vi gjer, men kravet om dokumentasjon er der, og det er kjempeviktig at dette blir sett i system, seier Hole.

Ho seier at Lesja kommune har jobba med dette i lengre tid, og har dokumentasjon og kontroll av tenesterinnarbeidd i kommunedelplan for helse, omsorg og folkehelse. Arbeid med internkontroll og kvalitetssikring er også spesielt nedfelt i handlingsprogrammet til kommunen i år.

Hole peikar på at kommunane sine oppgåver er endra mykje berre dei siste 10-15 åra, særleg som følgje av endringar i helselovgjevnaden frå årtusenskiftet. Kommunen får stadig fleire oppgåver, og jobbar også annleis enn før, med meire skriftleggjering, dokumentasjon og rapportering.

- Har de for lite tid til å få gjort desse oppgåvene?

- Det er absolutt oppgåver vi må setje av tid til, og vi må dimensjonera etter dei oppgåvene vi har. Og ressursane, dei har vi, seier Hole.

Lesja kommune skal no utarbeide rutiner for identifiering, førebygging og behandling av pasientar med ernæringsproblematikk og sikre at dette blir følgd opp og dokumentert i pasientjournalane.

- Det er i tråd med dei nasjonale retningslinene for førebygging og behandling av underernæring.

FAKTA:

Rapporten vurderer at Lesja ikkje har naudsynte tiltak for å avdekke, rette opp eller førebygge brot på helselovgjevnaden for dei reviderte områda.

Det vart funne eitt avvik, (Mangel på oppfylling av krav etter lov eller forskrift.) i området som gjeld førebygging og behandling av feilernæring hjå eldre.

Avviket seier at utforminga av journalen gjer det umogleg å sjå kva tiltak som er planlagt for den enkelte pasient, samt at identifikasjon og dokumentasjon av ernæringsmessig risiko ikkje er gjort hjå alle pasientar.

20 tilfeldige pasientjournalar vart gjennomgått under revisjonen.

Lesja har 70 pasientar i heimetenesta, organisert under helse- omsorg og folkehelse. Det er eigen avdelingsleiar for heimebasert omsorg, og eigen avdelingssjukepleiar for heimesjukepleia. (kjelde: Helsetilsynet)