Nasjonalparkriket Reiseliv omfattar no heile Nord-Gudbrandsdalen, unntatt Skjåk.

Arve Danielsen

arve.danielsen@fjuken.no

Det nystifta Visit Lom-Jotunheimen vart måndag innlemma i Nasjonalparkriket Reiseliv AS.

– Kjempeløyle. Dette er eit lyft for heile regionen, sa Hanne Lillebråten etter at Visit Lom-Jotunheimen innlemma i Nasjonalparkriket Reiseliv AS.

Generalforsamling

Delar av reiselivet i Lom har lenge hatt ynskje om å bli ein del av destinasjonsselskapet Nasjonalparkriket Reiseliv AS. Difor har aktørar innan reiselivet i Lom gått saman og stifta Visit Lom-Jotunheimen med mål om å bli aksjonær i Nasjonalparkriket Reiseliv. Under ei ekstraordinær generalforsamlinga i Nasjonalparkriket Reiseliv på Otta måndag, vart Visit Lom-Jotunheimen innlemma i selskapet. Nasjonalparkriket Reiseliv AS omfattar nå reiselivet i kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå og Lom. Formålet til selskapet er å marknadsføre reisemål i heile Nord-Gudbrandsdalen.

– Eg gler meg veldig framover, sa styreleiar i Visit Lom-Jotunheimen, Hanne Lillebråten.

Siste brikka

– Det er ei brikke som fell på plass, sa reiselivssjef Eldrid Rudland om å få med Lom i Nasjonalparkriket Reiselivet. Men enno står det att den siste brikka før puslespelkartet over Nasjonalparkriket er ferdig. Framleis manglar Skjåk.

– Skjåk kommune har gjort eit positivt vedtak om å bli med, sa Rudland. Ho fortalde at dei er i dialog med reiselivet i Skjåk og har god tru på at siste kommunen snart er på plass.

– Det har vore eit mål sidan 2009 å få eitt destinasjonsselskap for heile regionen, sa Rudland.

Fjord og fjell

Styreleiar Ellen Anne Bergseng sa at selskapet skal på vegne av eigarane utvikle fellestiltak innan reiselivet, ha fokus på heilskapleg profilering av destinasjonen for å trekke fleire turistar til regionen.

– Å stå samla som eit stort destinasjonsselskap vil gje oss ei sterkare plattform å arbeide på, sa Lillebråten. Ho såg store moglegheiter i samarbeidet mot vest, med fjord- og fjell-samarbeidet.