Mellom anna er ei liste over forenklingar i landbruket er ein del av Statens tilbod, som vart lagt fram tysdag.

Eitt av forslaga som ligg inne er fjerning av erstatninga for tap av sau på beite. Det må likevel presiserast at dette ikkje gjeld tap til rovdyr, slik det kunne gå fram frå nettsaka på vigga.no tysdag. Erstatningane for tap til rovvilt er tildelt frå Klima- og Miljødepartementet.

Andre punkt er å avvikle lokal forvaltning av bygdeutviklingsmidler i Valdres og Nord-Gudbrandsdal, å kutte 70 millionar frå spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), samt innsnevre formålet. (sjå heile tilbodet frå departementet i nettsaka tysdag)

Skuffande

Bondelagsleiar i Dovre, Egil Romsås, er skuffa.

- Vårt krav var på 1.5 milliardar kroner, og så får vi eit tilbod på 150 millionar. Eg veit ikkje om vi skal le, det er ikkje råd å skjønna kva veg ho vil, seier han.

Han meiner tilbodet frå landbruksminister Listhaug er retta inn mot større einingar med alle verkemiddel.

Stortinget

- Når Stortinget har vedteke at vi skal auke matproduksjonen her i landet, er ikkje dette vegen å gå,

meiner han. Bondelagsleiar i Lesja, Tore Utgaard, er ikkje glad for utviklinga mot større einingar.

- Den utviklinga ville vi kanskje sett uansett, men Listhaug gassar på, seier han, og er redd for å miste kolleger og det gode miljøet i landbruksnæringa.

Egil Romsås meiner tilbodet tek frå dei små og gjev til dei store, og skisserer med tal frå Lesja og Dovre.

- Dersom vi skulle ha mjølkebruk etter kvotetaket som er lagt opp til i tilbodet, vil Lesja og Dovre med dagens produksjon sitje att med 16-17 mjølkebruk. Vil vi det? Det betyr besetningar med 500 dyr, og eit asfalt- og traktorlandbruk utan plass til dyrevelferd, seier han.

Ny retning

Ordførar Steinar Tronhus er også oppteken av å ta vare på landbruksnæringa.

- Det ein ser er ei anna retning enn vi har vore van med, eit styre som vil noko anna med landbruket. Det er veldig viktig for Lesja å oppretthalde aktivitet og sysselsettinga i landbruket - det er hovudpillaren hjå oss, seier han.

Sjå tilbodet frå staten her: