Søndag er det fastelavn. Denne dagen markerer mange med å gafle i seg bollar med krem og syltetøy, og på bordet står det gjerne bjørkerris med fargerike fjør. Sanitetskvinner over heile landet er i aksjon. På butikkane nørst i Lesja finn du fredag og lauradag sanitetskvinner som sel fastelavnsris, ein tradisjon dei har hatt i mange år. 130 ris har dei produsert i år. Bergljot Enstad selde fredag fastelavnsris på butikken på Bjorli, og fortel om eit nokså jamt sal. Annfrid og Albert Kjennset frå Vinstra er på feriestaden sin i Råna, og kjøper eit ris av Enstad.

- Eg kjøper kvart år. Det er alltid så triveleg, og viser at da er det vår snart, seier Annfrid, opprinneleg rånåvær.

Viktig inntekt

Denne tradisjonen har Norske Kvinners Sanitetsforening har hatt sidan 1946.

- Fastelavninntektene har vore og er heilt sentrale for at sanitetskvinnene skal finansiere sin innsats for andre og støtte viktige formål. Sanitetskvinnene har tradisjonelt vore dyktige til å finne ulike måter å finansiere sitt frivillige arbeid på. Fastelavnsris er kanskje det aller mest kjende virkemiddelet. Inntektene vert forvalta av den lokale sanitetsforeninga, og går til å finansiere det frivillige arbeidet sanitetskvinnene gjer både lokalt og nasjonalt, står det på heimesidene til Norske Kvinners Sanitetsforening. Rundt sju millioner kroner kjem inn årleg.

Pisking

Skikken med fastelavnsris har kome til Norge frå Sverige, men er egientleg ein tysk tradisjon. Både kvinner, dyr og tre kunne få seg ein omgang med riset for å kunne bli meir fruktbare. Riset har frå hedensk tid vore av bjørkekvistar, og det var den gongen knytt mykje overtru til dette da dei trudde bjørkeris som ikkje hadde sprungekunne hadde fruktbarheits kraft i seg. Innan kristendommen ser ein på fasta som ei innleiing til fasta og Jesu liding.