I eit møte med statssekretær Bård Hoksrud (Frp) i samferdsledepartementet tysdag, kunne ordførar Steinar Tronhus (Ap) frå Lesja senke skuldrene. Dei åtte millionane som i haust var borte frå statsbudsjettet utan god forklaring, skal no inn att. Lesja får att alt dei har betalt i påvente av midlar frå Statens vegvesen.

Leitar etter meir

- Det var eit veldig positivt møte, seier ordførar Tronhus, på telefon tysdag ettermiddag.

Han seier at statssekretæren var godt førebudd, og at han også hadde med seg representantar frå Statens vegvesen i møte med Lesja kommune. Frå Lesja var ordføraren, rådmann Kai Ove Riise og sakshandsamar Johan Lyftingsmo med til Oslo.

Den såkalla Lesjamodellen, som har vore mykje framheva som eit stjerneprosjekt i Nasjonal Transportplan, ligg til grunn for arbeidet med gangveg gjennom heile Lesja. Starten var i 2002, med strekninga mellom Lyftingsmo og Belle. Denne vart opna i 2003, av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik.

Stuguflåtten til Lesjaskog er den siste parsellen som er att, før gangvegen går gjennom heile bygda.

Også denne strekninga fekk dei lovnad frå Bård Hoksrud om at ein skulle jobbe med å få inn att.

- Han ser absolutt nytta av å finne midlar også til den siste delen, seier Tronhus.

Kakefest onsdag

- Vi har allereie bestilt kake, og feirar resultat av møtet i kantina i morgon, fortel økonomisjef Willy Sægrov til Vigga.

Han meiner også at noko av grunnen til at pengane no blir attfunne, er at prosjektet er i gangsett.

- Eg trur vi her har att for å ha vore proaktive, og har sett i gang. Det var også ordlyden frå departementet til oss, at vedtekne og igangsette prosjekt er prioritert, seier Sægrov.