Dagleg leiar Petter Kittelsen presenterte nyhenda saman med leiar for Norconsult på Lillehammer, Torunn Margrete Bjerke, på ei pressekonferanse i går.

Prosessen fram mot salget har gått føre seg sidan nyttår.

Ønskjer dølar heim

Ønskje om tilgang til større faglege nettverk, samla merkantile tenester og større moglegheiter til å ta alle typar oppdrag, var nokre av grunnane til at ottabedrifta sel seg ut til ein større aktør.

- Vi vil også bli meir attraktive arbeidsgjevarar, og eg har allereie fått signal frå folk i organisasjonen, som no ønskjer seg attende til dalen, fortel Kittelsen.

Kittelsen meiner dei no blir del av ein arbeidsmarknad som strekkjer seg frå Hamar til Lesja.

Flaggskip

Næringssjef i Sel kommune, Torfinn Stenersen, er ikkje udelt positiv, og kunne heller tenkt seg at Norconsult flagga ut til Otta.

- Solvang og Fredheim har vore ei suksesshistorie lokalt, eit flaggskip med viktige kompetansearbeidsplassar. No blir dei kun eit lokalkontor - men eg skjønar det godt. Det er knalltøft. Eg vonar i allefall at ambisjonen er å doble lokalkontoret på Otta, seier han.

Både Bjerke og Kittelsen stadfester at ambisjonane ikkje blir endra, målet er framleis vekst.

Lokal forankring

- Lokal forankring og vidare vekst har vore viktige element for oss å få forsikringar om, seier Petter Kittelsen.

Leiaren for Norconsult Lillehammer, Torunn Bjerke, er glad for å få med gudbrandsdølene.

- Vi er glad for å få med flinke folk på laget, som kan auke fagkompetansa i selskapet. Det fins alltid nok oppgåver, men ikkje nok flinke folk, seier ho.

FAKTA:

Solvang og Fredheim Gudbrandsdalen AS:

Etablert på Otta i 2008.

Leverer konsulenttenester innan arealplan, kart, oppmåling, prosjektleiing, kommunalteknikk, byggteknikk, byggeleiing, styrkeanalyser og miljøleiing.

Åtte tilsette.

Kåra til Gasellebedrift 2013.

Norconsult AS:

Eit av landets største konsulentfirma innan prosjektering og samfunnsplanlegging.

Omlag 2000 tilsette i Norge.

Eigd av dei tilsette.

Lokalkontor Lillehammer, Hamar, Gjøvik, Hønefoss og Os i Østerdalen i innlandet.