Måndag vert det fakkeltog for eit treåring vidaregåande skuletilbod på Dombås.

Folket nørst i Nord-Gubrandsdalen nektar å gje seg i kampen for eit vidaregåande tilbod. No håpar aksjonsgruppa for eit fortsatt treåring tilbod på vidaregåande at folk stiller opp i fakkeltog mandag ettermiddag.

- Vi håpar mange vil vere med å vise at vi aksepterer ikkje noko anna enn eit treårig tilbod. Toget går frå sentralplassen på Dombås til ungdomsskulen måndag klokka fem, møt opp i god tid, seier aksjonistane.

Ved Dovre ungdomsskule vil det vere appellar både frå fylkespolitikarar, ordførarar og skuleelevar.

- Vi håper alle møter opp. Dette er siste sjanse. Vi håper på stort engasjement, seier aksjonsgruppa til Vigga.

I strategiplanen for vidaregåande opplæring i Oppland kjem Fylkesutvalet med forslag om eit eitårig tilbod med studiespesialisering på Dombås. Fylkesutvalet ynskjer å sikre robuste skular, og vurdere investeringar i skulebygg ut frå reel elevtalsutvikling. Politikarane i Lesja og Dovre har ikkje gjeve opp, og fortsett kampen for eit fullstendig tilbod.