Politikarane i felles formannskap for Lesja og Dovre drøfta i går resultatet av anbodsrundene om ny brannstasjon på Dombås. Politikarane ønskjer å få fleire opplysningar, og sendte difor saka attende utan avgjerd.

FDV-kostnader

Dermed er det ikkje eitt steg fram, slik brannsjef Åge Tøndevodshagen ønskte.

- Eg ville sjølvsagt helst ha hatt avgjerda no, men det er ein heilt grei sak at politikarane ønskjer å sjå prognoser på forvaltning, drift og vedlikehald, seier han.

Det vil bli sett opp eit nytt felles formannskapsmøte, men Tøndevoldshagen veit ikkje om dei då greier å få landa ein konklusjon med val av tilbydar, før septembermøta til kommunestyra. Dei to kommunane må gjera endeleg vedtak om løyvingar til utbygginga. Felles formannskap har tidlegare fått mandat til å avgjera tilbydar.

Den økonomiske ramma frå dei to kommunene var på fem millionar kroner frå kvar. Det er ikkje kjent kva tilboda som har kome inn ligg på, då opplysningane er unnateke etter offentlegheitslova. Handsaminga av saka vart gjort for lukka dører.

Ulovleg stasjon i dag

Brannstasjonen som Lesja og Dovre brannvesen nyttar i dag, bryt med ei rekkje krav etter arbeidsmiljølova. Utgiftene til denne stasjonen, i husleige, straum og kommunale avgifter, er på omkring 200 000 kroner per år.

- Har arbeidstilsynet vore på brannstasjonen?

- Nei, vi har ikkje hatt besøk av dei, men vi registrerer at det er tilsyn på liknande brannstasjonar som vår, og desse får då ganske stutte fristar om å finne seg andre lokale, seier Tøndevoldshagen.

Prosessen med å starte orienteringa mot ein ny brannstasjon, tok til i 2012, då ei gruppe vart sett ned for å lage ein moglegheitsstudie. Det er over eitt år sidan politikarane i Lesja og Dovre på felles kommunestyremøte sa ja til å bygge ny stasjon.