Konfirmantane tek avgjerda med fatning

Kyrkjekontora i Lesja og Dovre har bestemt seg for å utsetje konfirmasjonane til etter sommarferien. Det tek konfirmantane med stor ro.

Stor forståing: Konfirmantane skjøner godt avgjerda med at konfirmasjonane ikkje kan haldast i vår.  Foto: Anne Marie Aa

nyhetsstudio

På Lesjaskog er det seks konfirmantar i år, på Lesja elleve. Ei av dei er Thea Grothe. Ho trur det blir ein travel haust.