Av Dovrelista v/ Anita Frich, Oda Landheim, Guri Ruste

Dovre kommunestyre synte stort engasjement og interesse for Dovrelandbruket da leiar for felles landbrukskontor heldt innlegg for kommunestyret. Dovrelandbruket er prisgjeve sentrale føringar i landbrukspolitikken. Dovrelista ynskjer derfor ein debatt kring utviklinga i norsk matproduksjon, sjølvforsyning og bondens inntekt. Dette er eit tema som er særdeles viktig for ei landbrukskommune som Dovre og vi har registrert at andre politiske parti i Dovre deler vår bekymring og interesse for temaet. Dovrelista vonar denne interpellasjonen kan vekke debatt og politisk press i/frå eiga kommune, i region og fylkeskommune fram mot Stortingsvedtaket om ei veke og mot kommande jordbrukstingingar.

Seint torsdag kveld den 11.4.2024 kom Næringskomiteen si innstilling til korleis norsk sjølvforsyning og bonden si inntekt skal aukast. Forventningane til denne har vore høg, ikkje minst utifrå regjeringspartia sine program og arbeidsdokument, Hurdalsplattforma.

Skuffelsen er derfor stor i landbruket, i distriktskommunar og mellom lokalpolitikare frå fleire parti da forventningane som er bygd opp vart rivi ned ved at Arbeiderpartiet og Senterpartiet gjekk til Høgre, Framstegspartiet og Venstre for å sikre fleirtal for ny metode for å rekne ut bonden si inntekt. Det same fleirtalet har låge ambisjonar for når opptrappinga skal trø i kraft.Det er til å undre seg over korleis i sær Senterpartiet med sine grunnverdiar ikkje søkte fleirtal med KRF,SV, MDG og Raudt som var forvandlingsvillige til landbruket sitt beste.

Næringskomiteens forslag går ut på at bondes sitt årsverk skal ha 145 timer meir enn andre. Bondens inntekt skal justerast opp 20 % før samanlikning med andre inntekter for å ta høgde for at ikkje alle bønder optimaliserer innteksmoglegheitane sine. Kva andre inntektsgrupper vil godta at dei må arbeide 145 timer meir enn andre dersom dei i utgangspunktet allereie ligghøgare i arbeidsinnsats?

Dersom inntekta skal justerast opp i % for alle som potensielt ikkje utnyttar sin arbeidsevne fullt ut, korleis vil  andre fagorganisasjonar reagere på det? For ikkje prate om avkastnad på innskoten eigenkapital.

Senterpartiet og Arbeiderpartiet ynskjer tydeleg å signalisere at bonden skal bli enda meir effektiv. Kvifor vil dei ikkje heller sjå kvar bonden sin effektiviseringsgevinst gjennom heile etterkrigstida har vorte av? Landbruket er den næringa som har hatt størst effektivisering gjennom moderne teknologi, maskineri, kunnskap og bevist avl og genutvikling. Til staten og industrien si store interesse.

Norsk landbruk er viktig for sjølvforsyninga som nå er under 40% i Noreg.  Medan andre land sikrar sine innbyggarar matforsyning ma ved å kjøpe opp dyrka/dyrkbar jord i andre land, bygger Norge ned sin matproduksjon uavhengig av farge på regjering. Matforsyning er naudsynt beredskap og bør interessere Senterpartiet og Arbeiderpartiet som gjennom eit viktig vedtak har sikra norsk forsvar 600 milliarder dei neste 12 åra.

Kvifor drive forsvar av Norge dersom vi ikkje har mat til folket?