Av Aud Hove, leiar i rovviltnemnda region 3, Oppland, og gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet

Nå har vi akkurat vore gjennom ein forholdsvis opprivande debatt og ei behandling av Stortingsmelding 11, Meld.St. 11 (2023-2024), og strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene for jordbruket, Innst. 258 S (2023-2024).

Næringskomiteen sitt fleirtal minus Frp støtta målet om å auke sjølvforsyningsgraden i Norge frå 40% til 50% korrigert for import av fôr. Eit fleirtal beståande av Ap, Sp, Sv, R og MDG fremma forslag om at «Stortinget ber regjeringen arbeide etter et mål om 50% selvforsyning, korrigert for import av fôr, som skal nås innen 2030».

I tillegg foreslo Sv, R, V og MDG at «Stortinget ber regjeringen stimulere til økt bruk av grovfor og beitebruk, og at dette skal være førende for staten i jordbruksforhandlingene.»Dette forslaget blir rimeleg hult når dei same partia i Energi- og miljøkomiteen står saman omfleire forslag som vil utfordre store deler av beitenæringa. Dei vil mellom anna midlertidig utvide ulvesona for å skjerme familiegrupper med minst 50% av reviret innanfor ulvesonenfrå å skytast under lisensjakta på ulv utanfor ulvesona.

Sv, V og MDG vil at forvaltninga skal tolke bestandsmåla for rovdyr som minimumsmål, ikkje maksimumsmål. Dei vil at bestandsmålet for ulv i Norge skal vere minst 8-12 årlege ulvekull, inklusive grenserevir, der minst seks skal vere heilnorske ynglingar. Dette er ei dobling av bestandsmålet i dag som er 4-6 årlege ulvekull med tre heilnorske ynglingar. Dei vil ha eit bestandsmål for jerv på minst 64 ynglingar. Bestandsmålet i dag er 39 og da blir det ei auke på ca. 40%. Dei vil også auke bestandsmålet for gaupe frå 65 i dag til minst 75 ungekull.

R, V og MDG vil også ha ei utgreiing om å utvide ulvesona. Det vil ogsåSv og R, men da i område utan beitedyr og tamreindrift. I tillegg vil Sv og MDG at regjeringa skal stoppe den planlagde lisensjakta på ulv i ulvesona i sesongen 2024/2025.

Alle desse forslaga vil gje beitenæringa store utfordringar.

Det spesielle er at Sv, R og MDG vil ha ei utgreiing med forslag om bestandsmål som sikrar levedyktig bestand av rovdyra, samt sikre auka bruk av utmarksbeite. Da blir mine spørsmål: Korleis har dei tenkt å få til både å auke rovviltbestandane så mykje og samtidig sikre auka bruk av utmarksbeite? Kva tenkjer desse partia i Innlandet og andre delar av landet med mykje beitedyr om desse forslaga? Og om vi ikkje skal kunne nytte den store ressursen utmarksbeite er, korleis skal vi da kunne auke sjølvforsyninga vår?

Vi har i dag store utfordringar med å nå den todelte målsettinga. I Hedmark er store delar av beitenæringa borte og skulle desse forslaga bli vedteke vil også store delar av beitenæringa i Oppland stå for fall. Da blir det vanskeleg å nå målet om auka sjølvforsyning og einigheita frå behandlinga av Stortingsmelding 11 der Sv, R, V og MDG sto saman om å stimulere til auka bruk av grovfor og beitebruk.

Heldigvis har Sp sikra eit fleirtal i Energi- og miljøkomiteen saman med Ap, H, Frp og Krf som avviser Dokument 8:90 forslaget frå V om å auke bestandsmåla for ulv, jerv og gaupe.