I fjor fann arkeolog Runar Hole ei ski i Lordalsfjella i Reinheimen. Treskia vart datert til å vera 1300 år gammel, og eit par kopiar vart seinare rekonstruert av Reidar Marstein og Kjell Bengtsen frå Lom.

Denne duoen kjem fredag kveld for å fortelja om rekonstruksjonen av Lordalskia. Dei har også rekonstruert ei 2700 år gamal ski som vart funne ved Lomseggen. Skimakar og gründer fra Oppdal, Endre Hals, tek også turen, han har laga kopi i karbonfiber av Lordalskia. Fredag kveld er det også foredrag med fylkesarkeologane Espen Finstad og Lars Pilø, som fortel om brearkeologiske funn.

Det er Norsk Fjellmuseum i Lom i samarbeid med fleire aktørar som arrangerar skifestivalen, som er ny av året.

I tillegg kjem det svært erfarne skikøyrarar frå dei kinesiske Altay-fjella. Dei nyttar gamle køyreteknikkar til jakt, fangst og transport. Teknikkane er truleg er svært like dei som vart nytta på dei gamle treskia som er funne.

Ayken Jasan skal halde foredrag om skirennet som blir halde kvart år i Altay, og som etter videoen å dømme nok er for dei sprekaste og tøffaste. (video til høgre på sida, nederst om du les saka på mobil)

– Han har studert i Norge, og vore her i mange år, fortel Finstad.

Vil ha større deltaking

Fredag og laurdag blir det demonstrasjon av Altay-ski på Sognefjellet. Ein delegasjon på seks kineserar deltek på skifestivalen, mellom anna Ma Liqin som er rekna som ein "ancient skiing hero" i Kina.

Laurdag kveld held programmet fram med foredrag, filmframsyning og konsert på kvelden. Festivalen starta allereie torsdag, med fyrste dagen i skimakarkurset med Thomas Aslaksby.