Tysdag vart Gudbrandsdalsmat overrekt prisen Nynorsk næringslivspris 2015.

Dette er fyrste gongen at ei bedrift på Austlandet blir tildelt denne prisen. Gudbrandsdalsmat får prisen for sin medvetne bruk av nynorsk i si marknadsføring.

Det var leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, som delte ut prisen til styreleiar Mariann Stensgård og dagleg leiar Anette Svastuen tysdag. Juryen grunngjev tildelinga slik:

"Gudbrandsdalsmat er eit andelslag som sel og distribuerer varer frå 25 matprodusentar i Gudbrandsdalen, og bruker nynorsk i all samla marknadsføring og informasjon. Produsentane kjem frå Lillehammer i sør til Skjåk i nord, eit område som femner både bokmål og nynorsk. Med sin medvitne språkbruk er Gudbrandsdalsmat med på å styrkje bruken av  nynorsk i Gudbrandsdalen. Gjennom oppskrifter og produktark når dei ut til sluttbrukarar over heile landet, og all marknadsføring på den nasjonale marknaden synleggjer nynorsk som eit godt næringsspråk. Juryen håpar prisen er til inspirasjon til at fleire bedrifter i Gudbrandsdalen blir stolte av nynorsken og tek han aktivt i bruk."