TEKST OG FOTO: PER JORDHØY

Trass kjøleg april og låge nattetemperaturar på ikring -10, har mange trekkfuglar meldt sin ankomst no. På Lesjaleira er det full fres med førebuing til hekkeperioden. Kranglevorne andrikkar jagar frendane så vasspruten står, og kroppsspråket viser tydeleg at hormonane er i skikkeleg opptur. Det er stokkender og kvinender som dominerer i tal, men mange andre gjestar er også å sjå. Ein fin bukett songsvaner ligg utpå elva og strekkjer hals, vaktsame som dei er.

Borti Bråtåløken høyrest trompetlydane frå nokre traner, dei held seg i dei mest fredelege områda utan for mykje ferdsle. I dei frodige sivkantane kjenner dei seg meir trygge. Antyding til tranedans er det og... I stryka nedafor Siemsbrua held eit titals laksandhannar til. Dei dykkar med hovudet ned i straumen, på jakt etter småfisk. Ja fisken er utrygg andre stader og, for her og der ser vi den skarpsynte hegren ved vasskanten. Brått høgg den til med det kvasse nebbet og sjeldan bommar det på byttet. Vipa har blitt ein sjeldan vadefugl på Lesjaleira som elles i landet dei siste åra.

Ekstra stas blir det difor når ein liten gjeng gjev seg til syne ute i hovudelva, det er berre å vona på at dei har planar om hekking her i år. Andre gjestar er berre på snarvisitt, så som eit par kortnebbgjess. Dei ville ha seg ei lita pause før dei held fram den lange turen til Spitsbergen.

Fuglelivet er snart på høggir no når vinteren etter kvart held på å miste taket. Men vil ein verkeleg ha store opplevingar, bør ein helst vera a-menneske og koma seg opp styggtidleg i morgongryet. Det er da det skjer.. God tur!