Mannen var på veg frå Trondheim til Bergen i leigebil, som sjølvsagt var moderne utstyrt med GPS. Denne ville ha den tyske turkaren til å køyre Slådalsvegen frå Lesja til Vågå. Brøytearbeidet er i gang, men langt i frå ferdig. Vegen er merka med at den er «vinterstengt», noko som tydelegvis ikkje er i det tyske vokabularet.

Derfor ga han seg i veg, og var kome nesten på Vågåsida da han møtte ubrøyta veg. Mannen prøvde eit stykke til, med det resultatet at han køyrde seg dugeleg fast. Det vart teke kontakt med bergingsbil frå Dombås, som fekk på kjettingar og med ein del strev frakta den uheldige bilføraren til tørr grunn. Om mannen no er framme i Bergen er uvisst.