Torsdag kveld fyllte dei vel 100 elevane i Lesja og Dovre kulturskule opp Lesja kulturhus. Riktignok vart publikum noko spreidt, då kulturskulen gjorde opp att suksessen frå fjoråret, med ein vandrekonsert.

Publikum fekk oppvarming av bandet VON frå Heidal, før det var ungdommen sin tur. Rockeband, pianospelarar, gitarspelarar, korps, dans og visuell kunst vart synt fram på ulike stader på Lesja skule.

Lokale proffer

Kulturskulen har vel 100 elevar, og med 200 publikum vart det god stemning i salen då VON avslutta kvelden.

– Tanken er at elevane skal få syne seg fram, og gje noko, samt at dei får att noko. Og at dei kan sjå at det går an å vere på profft nivå her, ein treng ikkje reise langt vekk for å oppleve det, seier rektor for kulturskulen Inger Synnøve Killi.

Ho overlet roret som rektor til Anethe Kleven, og Killi skal byrje som formingslærar. Ho håper og trur at konseptet med Tælahiv blir ført vidare. Killi vart takka av med blomster frå rådmann i Lesja, Kai Ove Riise.

Arrangementet er eit samarbeid mellom kulturskulen, kulturkontoret i Lesja, biblioteket og barne- og ungdomskontakt i Lesja. Killi er takksam for støtta dei har fått frå Norsk Kulturhusnettverk.