Det er eit samansveisa råd, der alle deler æra med dei andre. Skulestruktursaka har vore i høgsetet, noko som vart krona med siger i desember da det vart vedteke at det framleis skal vere vidaregåande utdanning i Dovre.

Grundige

- Årets vinner syner gjennom søknaden svært god struktur, systematikk og grundigheit i arbeidet. Det er god kontakt med leiinga, som skryt av det gode arbeidet som elevrådet har gjort. Dei har vore synlege på skulen, og teke tak i dei sakene som har dukka opp. Det har vore fleire sosiale arrangement for heile skulen. Vi trur elevrådet har lært mykje gjennom årets arbeidet i elevrådet. Særleg etter arbeidet med ei stor sak, dei dei kjem hardt for avdelinga si eksistens. Årets beste elevråd er elevrådet ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avd. Hjerleid. Vi gratulerer så mykje med prisen, skriv juryen i si begrunning.

Konkurransa vert arrangert av elev- og lærlingombodet i Oppland fylkeskommune, Kjerstin Lundgård. 13 elevråd kunne ha vore med, fire meldte seg på – og Hjerleid var ein klar vinnar. Oppland fylkeskommune har kåra beste elevråd sidan 2010.

- Elevrådet på Hjerleid har synt stort politisk engasjement, og synt at det er mulig om ein engasjerer seg, sier Lundgård.

Gjorde ein forskjell

Usikkerheit om skulen eksistens har følgt elevane heilt sidan 10.klasse, dei har aldri vore sikre på kva skulestad dei skulle ha til hausten. No kan dei slappe av. Under arbeidet med struktursaka hadde dei møte kvar veke, dei ville vere aktive og vises. Politikarar vart kontakta, og dei ville reise til Lillehammer for å følgje behandlinga av saka. Dei viste seg å ikkje vere lett, leiinga på skulen nekta elevane å reise.

- Da viste vi til læreplanen, som seier at vi skal ha kjennskap til politisk arbeid og har rett til fri til dette, fortel Kristine Bergseng.

Det vart så alle fekk reise, noko dei trur kunne vere utslagsgjevande for saka.

- Mange sa det ikkje var noko vits for oss å reise på fylkestinget, sidan politikarane allereie hadde bestemt seg. Men vi merka at det at vi var der gjorde ein forskjell, seier Tronn Tynnøl.

Dei rekna på korleis dei trudde stemmegjevinga låg an undervegs.

- Det låg an til 50/50, heilt til heile saka snudde, seier Tynnøl.

Miljøtiltak

Dei har laga fleire quizar, og rundt Operasjon Dagsverk i haust hadde dei internasjonal veke. Pengar vart søkt slik at det vart arrangert julelunsj for heile skulen.

- Vi har laga arrangement der vi har blanda klassene, slik at vi har brote ned nokre sperrer. Dette er arbeidsplassen vår, trivast du vert det lettare å jobbe, meiner Hådi.

Skidagen gjekk ut på grunn av ungdoms-OL, no vert det sommaravslutning på Bygningshistorisk park istaden. Både elevrådet og elevrådets kontaktlærar, Ann Christin Vole, fortel om eit godt skulemiljø. Elevane et saman i kantina, det er god plass til å bruke i fritimane og volleyballbana er flittig brukt. Elevane på Handverksskulen har også vore invitert med på dei sosiale aktivitetane.

Skulking blir sett ned på, det er lågt fråvere og skulen har eit frafall på 0 prosent. Dette skal dei få til på Dombås også.

- Det er folka og kontakta mellom dei som er miljøet. Det vert ikkje endra av ny plassering, sier Bjørner Holager, som er nestleiar i elevrådet.

- Bruk stemma di

Tida i elevrådet har vore lærerik, ikkje minst når det kjem til korleis ein kan påvirke politiske prosessar.

- Bruk den stemma du har. Du må gjere eit forsøk, seier Hådi.

Det er Lundgård enig i, og meiner eit slikt engasjement er viktig for politikken i framtida.

- Det er bra at ungdom gjer noko som er utanfor boksen, og bryr seg. Kva er det verste som kan skje, seier ho.

I tillegg til ein diplom fekk elevrådet ein sjekk på 5000 kroner som skal bli brukt til det beste for skulemiljøet.