TEKST OG FOTO: OVE KIRKESTUEN

– Veldig bra arrangement og ekstra positivt at arrangøren støttar ei så god sak. For eigen del var sau som tema midt i blinken. Eg kjem gjerne tilbake, sa Else Tagseth frå Dovre som spann garn av ull frå eigne sauar.

Ein annan lokal produsent med sau på bordet var lesjingen Ellen Sørumgård Syse som kunne by på fenalår, pinnekjøtt, lammerull og lammepølser.

– Markens Grøde er eit kjempebra tiltak. Ein perfekt arena som viser noko av mangfaldet i bygda vår, og eit samlingspunkt både for bygdefolk og turistar, meiner Ellen Sørumgård Syse som var særs nøgd med salet.

Kundane fekk dessutan ekstra protein med på kjøpet. I fylgje ekspertar har nemleg høgfjellslam eit høgare innhald av Omega 3 enn andre norske lam.

Markens Grøde speglar også vårt fleirkulturelle samfunn. Sjølv om til dømes morr og mjukbrød smakar godt, sto også ein smak av Thailand og Somalia på menyen.

Levande læring

Eit stort pluss for marknadsdagen er den kompakte forma. Etter eit godt måltid ved Lesja bygdemuseum er det nemleg kort veg til grannegarden Runningen der Lesja og Lesjaskog Bondelag hadde regien.

Sjølv om det kan vere vanskeleg for dei yngste å forstå at dei spretne kalvane og dei søte lamma blir til mat, er dette eit perfekt døme på ein økologisk rundtur. Vi fekk også demonstrert bruk av ei gamaldags slåmaskin og ikkje minst hesjing på vassrette stenger. Sistnemnde var ein teknikk før ståltråden kom i bruk.

Viktig arena

Nestleiar i Lesja og Lesjaskog Bondelag, Kristin Stigen, meiner at Markens Grøde er viktig for bøndene av fleire grunnar.

– Til dagleg arbeider vi stort sett kvar for oss, noko som kan vera einsamt. Difor er dette årlege arrangementet eit godt høve til å gjere noko positivt saman. Dessutan er det viktig å vise kva vi bønder arbeider med, meiner Kristin Stigen.

Som forutan rundballrulling også kunne by på mønstring av sau og kalvar, slått og hesjing, smaksprøver av grilla lam, kasting av hestesko og kulturstig.

Populær jubilant

Lesjingane sitt arrangement som denne sommaren rundar 10 år, er truleg det best besøkte nokon sinne. I alle fall dersom ein berre legg marknadsdagen til grunn. I fylgje Lesja bygdemuseum var det 734 besøkjande denne dagen og då var ikkje ungar og dei med sesongkort medrekna. Ordførar Mariann Skotte var stolt av dei driftige sambygdingane.

– Markens Grøde står for verdiar som Lesja ynskjer å bli assosiert med, sa ordføraren. Styreleiar Aasmund Kolstad var også godt nøgd.

– I periodar var det ikkje éin parkeringsplass ledig. Bra at alle eldsjelene får løn for strevet, sa Kolstad som minna om at årets arrangement blir avrunda med olsokfeiring på Lesja bygdemuseum fyrstkomande fredag.