Runar bur i Ålesund, og har hytte på Bjorli, og er sjølv reinsjeger. Han har vore ein ivrig friluftsmann i alle år, og er gjerne ute på turar i fjellene i Lesja både om sommeren og vinteren. Og som historieinteressert plottar han inn steinbuer og fangstgroper på GPSen sin, og har som turmål seinare.

Sølvslire

Det var nett i ei slik ei han fann slira etter fjellkaren Johan Alnæs. I Asbjørnskoia i Asbjørndalen skulle Runar reise opp att ein varde som hadde dutte ned.

– Då såg eg noko som glimta i sola, det var slira, fortel Runar.

Johan Alnæs (1866-1933) frå Rauma er nok mest kjend som bjørnejeger, men var mykje i Reinheimen og jakta rein. Han skal ha skote 11 bjørnar og over 300 rein i løpet av livet sitt. Han var ein original som ferdas mykje i fjella i Reinheimen, og du kan lese meir om Alnæs i vekas Vigga.

Han kjente til historiane om Alnæs, og fortel at han vart nok grepen av stunda då han såg graveringa kring sølvringen: J. Alnæs 1893.

– Det var veldig artig å finne slira, når eg såg kva det var.

Alnæs var kjend for å ha bore med seg mykje utstyr i fjellet, og kniv er sjølvsagt utstyr for garva jegarar. Det var ingen kniv å finne ved slira, som har vore relativt godt bevart i steinbua i kanskje 100 år.

Johan Alnæs er nok mest kjend som bjørnejeger, men var mykje i Reinheimen og jakta rein. Du kan lese meir om Alnæs i vekas Vigga. Foto: Romsdalsmuseet
Runar er tannteknikar, og er difor vand med å arbeide med metaller. Sølvringen vart lagt i syrebad, og framstår no som nesten ny. Slira er nok lagd for hand, og det er nok truleg Alnæs som har laga ho sjølv.