Rolf Sørumgård har sendt oss bilete av hestehov i vegkanten mellom E136 og Raumabana.

– Det var 10 – 12 stykker som var utsprunge her i Kjøremsgrende i dag tidleg, fortel han.

Den varme vårsola tiner meir og meir av snøen i bygda, og ein kan sjå fleire snaurabber i fjella. I følge meteorologane hjå Yr skal finveret med sol og varmegrader halde fram, men det blir fortsatt frost om nettene.