I helga heldt foreldrenes arbeidsutval (FAU) ved Dovre skule loppemarked i Dovre Samfunnshus.

Sentrumsutvikling

Inntektane frå loppemarkedet går uavkorta til matteparken som er planlagt ved skulen. Matteparken er etter initiativ frå rektor Sissel Elvestad Øwre, og skal vere både til undervisning ogfritidsaktivitetar.

Mattesatsinga er i samarbeid med Mattematikkbølgen, dreve mellom anna den internasjonalt anerkjente matematikeren og kunstneren Mike Naylor.

Leiar for FAU, Astrid Ruste, meiner ein slik park vil vere positiv for heile Dovre, og foreldra ville ta eit tak for å få inn penger til parken.

– Det blir søkt om midler, men det vi får inn blir ein rein bonus, seier Ruste.

Lopper for einkvar

Og denne veka var det samla inn lopper av alle slag. Laurdag var det kø då dørane opna, mange ville sikre seg godbitane tidleg.

Mange hadde gjeve lopper, og det var av alle slag. Leiker, bøker og kleder. Dekkety og pyntegjenstandar.

Til og med ein brudekjole kunne ein sikre seg for ein rimeleg penge.

Overskot

Etter reikninga for kafevarane var betalt, vart det nesten 19 000 kroner til matteparken.

– Dette kjem ikkje berre elevane til gode, men heile samfunnet til gode, meiner Astrid Ruste.

Tinga som ikkje vert seld gjekk til kleskontainere, og til miljøstasjonen.

Mattepark

Rektor Elvestad Øwre venter på svar fra samarbeidspartnerne i prosjektet om de får støtte fra Innovasjon Norge til prosjektet. De har søkt om forskning- og utviklingsmidler (FOU) fra Innovasjon Norge.

– Park blir det uansett. Vi trenger alle pengene vi kan få, men vi får mer ut av prosjektet om vi får midler fra Innovasjon Norge i tillegg, forteller Elvestad Øwre.

Så langt er det mange som har støttet opp om prosjektet etter at skolen har sendt ut søknad om støtte, Dovreskogen idrettslag, Dovre Bygdekvinnelag, FAU, Sparebank 1 Lom og Skjåk og midler fra den Kulturelle skolesekken.

Kafevert: Hans Ingvald Hovde var ein av dei som betjente kafeen.
Mange lopper å velge i.