Klassene på småskulen på Blåsenborg på Lesja fekk ei overraskande avslutning på helga. Det vart banka på døra, og inn kom ein heil delegasjon med rektor Jan Olav Thorsplass i front. Med seg hadde han elevrådrepresentantane Estin Utgaard og Emma Øwre, Trygve Skaug frå XL-bygg og Felleskjøpet og Hilde Doseth frå Lesja og Lesjaskog bondelag. Og ikkje minst ein grøn og gul trøtraktor.

Gavmilde sambygdingar

Skaug sin arbeidsstad gjev bort to traktorar, bondelaget to traktorar og skulen har kjøpt ein. Dermed har dei rundt 80 elevane fem traktorar dei kan frese rundt på i firminutta. Og det var ikkje berre traktorar, det var utstyr som hengarar, møkkatank og vinsj. Fleire elevar kunne nok ynskje seg at traktorane var av anna farge og merke, både raud og blå kom som forslag. Da det endeleg var tid for å ta dei i bruk, så såg det ikkje ut som om farge og merke hadde så mykje å seie.

Samarbeidsprosjekt

Rektor Thorsplass fortel av FAU, i samarbeid med Lesja skule, er i gang med å søke midlar for å kunne ruste opp uteområda ved skulen.

- Det siste vi fekk her var ballbingen i 2006, fortel rektoren.

Det er ved Blåsenborg det skal skje først. Rektor håpar dei kan få på plass fleire område og leiker, slik at det er noko som passar for alle.

- Det er viktig for eit godt skulemiljø at ein trivs og har noko å drive med, også i friminutta, seier han.

Rektoren håpar dei kjem i gang allereie i vår.

1.klasse var heldige og fekk bruke traktorane første dagen.
To blide traktorførarar på Blåsenborg.