Gåvedryss til lesja og Dovre: Frå venstre står Bjørn Erik Warnaar frå Sparebankstiftelsen DNB, Helle Hundevadt frå Handverkskolen Hjerleid, Egil Ulateig frå spelemannsprosjektet, Jan Lyngen og Martin Bentdal (fremst i midten) frå Dombås IL, Jon SNEVE FRÅ FAU og rektor Jan Olav Thorsplass frå Lesja skule, og Ove Furuheim, Lesjaskog IL. (Foto: Arve Danielsen)

Gåvedryss til lesja og Dovre: Frå venstre står Bjørn Erik Warnaar frå Sparebankstiftelsen DNB, Helle Hundevadt frå Handverkskolen Hjerleid, Egil Ulateig frå spelemannsprosjektet, Jan Lyngen og Martin Bentdal (fremst i midten) frå Dombås IL, Jon SNEVE FRÅ FAU og rektor Jan Olav Thorsplass frå Lesja skule, og Ove Furuheim, Lesjaskog IL. (Foto: Arve Danielsen)

Gåvedryss til lokale prosjekt

Seks prosjekt frå Dovre og Lesja vart tysdag tildelt tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB.

Totalt var det delt ut 2,3 millionar kroner til 14 prosjekt i Nord-Gudbrandsdalen. Utdelinga skjedde under ei markering på Vågå Hotel tysdag.

Ein kvart million til leikeareal

FAU Lesja skule får 250.000 kroner til opprusting av lekeareal. Eit engasjert foreldreutval ynskjer at borna skal få ein betre moglegheit til å vere fysisk aktive i skuletida. Dei har difor sett i gang ein dugnad og pengeinnsamling for å få til ein etterlengta leikeplass. Dagens uteområde er frå 1968, og leikeapparate er frå 1980-talet.

– No blir det opp til politikarane i Lesja å bidra med det same, sa rektor Jan Olav Thorsplass og Jon Sneve frå FAU under utdelinga.

Terrengparken

Dombås IL Alpint og Snowboard får 200.000 kroner til utvikling av terrengparken i Dombås skiheiser.

– Vi vil byggje kular av jord, så slepp vi å bruke berre snø til dette, sa Jan Lyngen da han saman med Martin Bentdal tok imot pengegåva.

Penger til tradisjonshandverk

Handverksskolen på Hjerleid får 340.000 kroner til oppstart av fag innan tradisjonshandverk.

– Frå hausten 2017 vil skulen starte opp to nye liner innan tradisjonshandverk: byggteknikk og overflateteknikk. Det er eit stort behov for å utdanne handverkare som kan arbeide for kulturminnevernet, sa Helle Hundevadt då ho tok imot pengestøtta.

Sjela i fela

Spelemannsprosjektet Med sjela i fela får 80.000 kroner. Målet med prosjektet er å vekkje interessa for folkemusikken hjå unge gudbrandsdølar. Det skal gjeres gjennom å iscenesette den eventyrlege livshistoria til folkemusikaren Magne Bø fra Lesja.

– Vi vil ære kunstnaren Magne Bø og vil ha med dei beste musikarane for å heidre han, sa prosjektleiar Egil Ulateig.

Prosjektet skal involvere alt frå rekruttar frå kulturskulen, junior- og senior spellemenn til trekkspillklubbar frå dalen. Det heile skal knytast saman av profesjonelle musikere, og skal munne ut i tre konsertar hausten og vinteren 2017-2018.

Gudbrandsdalsmusea avdeling Lesja Bygdemuseum får 50.000 kroner til drivhus og hageutstyr. Dei ynskjer å opparbeide ein urte- og grønsakshage, som lokale skuler, barnehager, lag- og foreininger skal vere med å utvikle og drifte.

Lesjaskog IL får 90.000 kroner til snøskuter og løypeslodd. Dette skal supplere og delvis erstatte dagens tråkkemaskin, som er utsleten.

Mer å lese på Vigga:
 
Leses nå:
 

Aksjon mot inntektsgap

Søndag var det stille aksjon, tirsdag er det demonstrasjon.

Kongelig bursdagsfeiring for Roshan

Takknemlig for innbydelsen

Iranske Roshan Reza (57) kom til Norge som politisk flyktning for nesten 30 år siden. Nå er han bedt til kongeparets 80-årsfeiring på Maihaugen.

– Eliteracet er kommet for å bli

Bilcrosssesongen spant i gang på Bjorli lørdag, og det til gangs.

Tv-innspilling på Dombås

Mer enn gull

I fjor høst var seks idrettsstjerner på Dombås for å konkurrere i sommer- skiskyting.

Brudd i jordbruksoppgjøret

Lokale bønder holder stille aksjon

Søndag markerer bønder i Nord-Gudbrandsdalen at de ikke er fornøyde med regjeringens tilbud i jordbruksforhandlingene.

Fylkesmannen:

Får fjerne deler av ringvegen

Structor AS har fått medhold i klagene på vegfjerning både hos Fylkesmannen og Miljødirektoratet.

Tek over redaktørstolen

Astrid Kvam Helset (33) blir redaktør og dagleg leiar i Vigga.

Gåvedryss til lokale prosjekt

Seks prosjekt frå Dovre og Lesja vart tysdag tildelt tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB.

Nådde toppen for andre år på rad

Årets butikk - igjen

Smilet er bredt hos butikksjefen på Coop Marked Dovre etter at de for andre gang har blitt Årets butikk i  Østlands-regionen.

Russen er løs

For første gang på 17 år er det Dombåsruss igjen.

Send oss dine 17. mai-bilder!

Få med ditt bilde i Vigga fredag 19. mai.

Gledeleg gåve

Lesja sjukepleielag og Lesjaskog sanitetsforening har sørga for nye løftestolar til Lesja Sjukeheim.

Ola har bestemt seg:

Lannem Silje skal ut i løp igjen

Etter at Lannem Silje fikk sitt første føll i april, gikk Ola Skrugstad i tenkeboksen for å finne ut om hoppa skulle bedekkes på nytt, eller trenes opp igjen.