- Alle unge har eit talent for noko, seier banksjef Unni Strand i Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Banksjefen fortel at generalforsamlinga i mars vedtok at banken i tillegg til den årlege gåveutdelinga, også skal dele ut talentstipend til ungdom mellom 15 og 25 år.

-Det er viktig for oss å gje noko attende til unge og ungdommar, seier Strand.

- Vi heiar på ungdommane slik at dei kan realisere draumane sine, seier marknads- og kommunikasjonsansvarleg Kristin Nygård Lonbakken.

Lokalbanken skal dele ut stipend til lokale talent innafor idrett og kunst/kultur. Dei som bur eller kjem frå banken sitt geografiske område, frå kommunane Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk, kan søkje talentstipendet.

Vise moglegheiter

Banksjef Unni Strand seier at målet med eit talentstipend er å stimulere talentfull ungdom i regionen til å utvikle sitt talent.

- Vise at sjølv om ein er frå ein liten plass, så finst det moglegheiter. Vi ynskjer å skape stolthet, gode førebilete og vere ein god støttespelar, seier ho.

Talentstipendet skal delast ut til enkeltpersonar som utmerkar seg innan idrett og kunst/kultur. Det skal delast ut hovudstipend på 50.000 kroner i kvar av desse to kategoriane. I tillegg skal det delast ut 15 stipend på 15.000.

Festkveld

Juryen består av banksjef Unni Strand, marknads- og kommunikasjonsansvarleg Kristin Nygård Lonbakken, Stian Høglien frå Regionkontoret på Otta og ungdomsrepresentant Alida Steinum Brun frå Vågå.

- Dette er kjempespennande. Eg kjente eg vart engasjert da eg vart spurt om å sitje i juryen, seier Stian Høglien.

Juryen vil sjå etter talent som er med på å inspirere, har stå-på-vilje, motiverer andre, rett og slett utmerkar seg i sitt felt frå regionen.

- Vi håpar å skape begeistring rundt dette og håpar på mange søkjarar, seier Unni Strand.

Søknadsfristen er 1. Oktober. Talentstipenda vil delast ut i midten av november under ein festkveld i Utgard i Lom.

- Det er mange flinke og kreative talent der ute. Vi vil få ein vanskeleg jobb med å plukke ut vinnarar av stipenda, seier Strand.