Enkelt og greitt. Slik var nominasjonen frå dei tre døtrene til Eyvind Nyløkken, Heidi, Bente og Mette. Det er nettopp slike ting som er gull verdt, ei ekstra hand i kvardagen.

- For oss betyr det så mykje at pappa kan vere her, og føle seg til nytte, seier døtrene.

Reidar og Anne Marie har eit «Inn på tunet»-tibod, der dei som treng det kan søke plass gjennom Dovre kommune. Eyvind er der tre dagar i veka. Da held dei på med alt mulig rart av arbeid. Og ikkje minst pratar dei ein del tull. Det er ein viktig del av dagen.

- Det er viktig å få skratta litt, seier Reidar.

Eyvind har arbeidd med anleggsmaskiner, og har hatt ein bulldozer med i spelet i mykje dyrking opp gjennom åra. Han er ikkje skapt for å sitte i ro, og mykje av arbeidet ligg lagra i kroppen.

- Vi har vøla gjerder, vore på sauleiting, held på med ved, eller ryddar snø. Det hender seg også at vi fer på besøk til folk for ein kaffekopp, og slik som i dag har vi vore på biltur til Oppdal, fortel Reidar.

Arbeidet er ikkje berre for syns skyld. Eyvind og Reidar arbeider så det verkeleg monnar, og Eyvind skulle gjerne gjort mykje meir.

Glimrande arbeid

Reidar og Anne Marie har hatt «Inn på tunet»-tilbod sidan 2013. Med dette hadde dei skapt sin eigen arbeidsplass, og Anne Marie kunne seie opp jobben i Vågå.

- Dette er glimrande arbeid. Vi bidreg til at folk får ein betre kvardag. Dei er med i arbeid, og så har vi det triveleg med kaffen, seier Anne Marie.

Eit gamalt bryggarhus på garden bak Dombåshaugen er bygd om til bruk for «Inn på tunet». Dei som brukar tilbodet har sjølve vore med på ombygginga, så alle eig liksom ein liten del av huset. Her er det varmt og lunt, og ein triveleg opphaldsstad for alle saman.

Avlastningstilbodet har mykje å seie også for kona Ellen. Ho merkar endring etter at mannen kom i gang med «Inn på tunet». Tross sjukdommen klarar han nå å gjere meir også heime. Avlastninga er også eit viktig pusterom for ho, som ellers har omsorgen heile døgnet.

- Eg merkar at det hjelp på humøret. Det er bra at det ordentleg arbeid. Eyvind passar ikkje til noko puslearbeid. Dette gjer kvardagen litt enklare for oss alle, seier Ellen.

Heidi Marie, Bente Kristin og Mette Nyløkken (ikkje på bildet) set stor pris på at far Eyvind Nyløkken får vera hjå Anne Marie Svare og Reidar Brækken på avslastning.