Eg har merka meg ein kar som gjev av seg sjølv og gjer det vesle ekstra for bygdene våre! Det er Paul Gunnar Lien. Han er engasjert, tålmodig, har godt humør og er snill. Eg høyrer jenter på åtte år prate varmt om dirigenten sin, og engasjementet er langt utover det normale innan sang og musikk på Lesja, står det i forslaget.

Godteri eller blomster

Det er onsdag ettermiddag på Lesja kulturhus. Kantor Paul Gunnar Lien ventar på dei 19 aspirantane i Lesja barnekor, som ein etter ein kjem trippande inn og plasserer seg stille og fint på første rad. Dei er spente på kva som kan vere oppe i den store posen Vigga har med seg.

- Eg trur det er godteri, seier fleire av dei.

Nokre gjettar at det er nettopp blomster. Og denne blomsten er Viggas fjerde julehelsing, som går til kantor Lien.

- Folk i musikkmiljøet i Lesja har merka seg innsatsen hass. Spesielt på Huskonsertene som vert arrangert, der blant anna Toraderklubben deltek, seier forslagsstillar Ingvild Sveen. Ho er eliar i tordaderklubben På 2.rad.

Stille mottak

Paul sjølv mottek helsinga som forventa: Med eit minutts betenkingstid før kommentaren er klar.

- Det er veldig triveleg å få Viggas julehelsing. Eg er nokså borskjemt når det kjem til å få blomster, det er mange som fortener ein blomst. Blant anna alle dei som sit her. Dei har det som vert kalla fin framferd, seier Paul og rettar ut handa mot barnekoret, som spente ventar på å sette i gang med øving på Pepperkakebakesangen.

Paul seier dei som ein gong laga stillinga hass hadde vore framsynte og kloke, som har lagt så mykje inn i jobben.

- Eg er heldig som har flinke songarar i alle aldre å arbeide med, seier Paul.

Han er glad for å ha eit godt barnekor, med songarar frå vest for Bjorli til Dovreskogen, og meiner sangen er med på å legge eit godt grunnlag. Ikkje berre for songen, men for heile livet.

Over nyttår skal barnekoret på turne i Lesja og Dovre,noko dei gler seg stort til. Og det er ikkje tvil om at aspirantane diggar dirigenten sin,

- Paul er snill og flink til å lære oss. Han lærer oss korleis vi ikkje blir redd og lærer oss å synge fint. Også er han flink til å spele piano, seier aspirantane.